10. mai 2025

Baker Hansen // AnJazz

Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?

Baker Hansen leiter etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og historiane omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Når språket er vårt eige, får musikken høve til å komme nærare på lyttaren – og livet og leiken i det velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjerter.

Det nye albumet Ein song som liknar oss kom i september 2024 med heilt nye gjendiktingar av klassikarar som “Autumn Leaves” (med tekst av Sylfest Lomheim), “The Night We Called It A Day” og “Do It The Hard Way”. Baker Hansen har frå før gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019), og turnert landet rundt på fleire hundre konsertar sidan 2010.

“Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne” / Tor Hammerø, Side2

“Baker Hansen hyller Chet Baker på nydelig vis” / Audun Vinger, D2

“Ein sikker scenesuksess” / Roald Helgheim, Dagsavisen


I forbindelse med konserten blir det
Jazzlunsj i Café Nor fra kl. 12:00.

Her finner du programmet for hele festivalen, lenker til billetter og festivalpass: anjazz.no

Billetter

Lørdag 10. mai 2025
Kl. 13:00–14:00
Ledige billetter
>
Sal:

Klubbscene

Arrangør:

Anjazz

Dørene åpner:

Kl. 12:00 / Baren er åpen

Se også

Se hele programmet

>